Stad

Pårørandeskule DEMENS

Pårørandeskulen er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem med minnesvikt eller demenssjukdom. Gjennom faglege forelesingar og samtalegrupper får du kunnskap om demens, og kva følgjer dette kan ha for den demente og for deg som pårørande. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. Tilbodet gjeld for pårørande i heile Stad kommune. Det blir matservering på kvart møte.

Påmeldingsfrist: Torsdag 30. september

Påmelding til: Gunn Alise Sødermann tlf. 57 86 20 35 (dagtid) eller e-post gunn.alise.sodermann@stad.kommune.no (maks deltakarar: 15 stk)
 

TEMA FOR DEI ULIKE SAMLINGANE:

Måndag 4. okt:

Kva er demens? Ei innføring i dei ulike demens-sjukdomane.

Måndag 11. okt:

Kommunikasjon.

Informasjon om hjelpemiddel, velferdsteknologi og

tilrettelegging av omgjevnader.

Måndag 18. okt:

Tenester og tilbod i Stad kommune.

Framtidsfullmakt, samtykke og pårørande si rolle.

Måndag 25. okt:

Pårørande fortel frå eigne erfaringar.

 

Velkomen til samling!

Helsing Hukommelseteamet i Stad kommune

Dato
4. oktober 2021
Tid
17:30 - 20:30
Stad
Bryggja omsorgssenter

Arrangør

Stad kommune
Adresse
Rådhusvegen
Postnummer og stad
6770

Kontakt

Gunn Alise Sødermann