Stad

PFEC-kurs for skogeigarar i Stad og Gloppen

PFEC er dokumentasjon på at tømmeret kjem frå ein skog som vert forvalta og hogd på ein berekraftig måte. PEFC-standarden er revidert og nye krav gjeld frå 1. mars slik at om du ynskjer å vere sertifisert etter at dei nye krava trer i kraft, bør du nytte høvet til å ta kurset. 

Dato
16. februar 2023
Tid
9:00 - 15:00
Stad
Nordfjordeid, kommunestyresalen 2. etg.

Kurset vert halde av instruktør frå Skogkurs . Første halvdel av dagen vert helde innandørs i kommunestyresalen på Rådhuset på Eid og etter lunsj vil det vere synfaring ute. Hugs kle etter vèr- og føretilhøve.  

Pris for medlemmar 650,- (medlemsskap 350kr/året), pris for ikkje-medlemmar: 1500 kr
Kurset er eit samarbeid mellom Skogselskapet i Sogn og Fjordane, Ytre Nordfjord skogeigarlag og Gloppen skogeigarlag og landbrukskontoret for Gloppen og Stad.

Du melder deg på kurset her: https://skogselskapet.no/kappedagar-og-pefc-kurs-vinteren-2023/

Arrangør

Skogselskapet i Sogn og Fjordane, Ytre Nordfjord skogeigarlag og Gloppen skogeigarlag og landbrukskontoret for Gloppen og Stad

Kontakt

Karoline Aldis Bjerkeset