Påmelding Frivilligkveld
Påmeldingsfrist: Snarast og seinast 21.mars.
Er du ungdom og treng skyss? Meld deg på so organisera Stad kommune skyss med midlar frå Vestland fylkeskommune. (LTU)
Påmelding ungdomsskyss
PROGRAM:
17.30 Oppmøte - litt og bite i - prat rundt borda
17.45 Kulturinnslag og velkomne
18.00 Inspirerande historiar frå frivilligheita i Stad
18.30 Beinstrekk med prat og påfyll av energi
18.45 "Samtalen"
Dialogbord med tema der kommune og frivillige møtest. Alle må velje eit tema i påmeldinga.
19.30 Kort beinstrekk
19.45 Oppsummering tema
20.00 Felles spørsmål - og svar
20.25 Avslutning og vel heim
20.30 Slutt
Meir informasjon om tema til gruppearbeid:
- Alle med - barn og unge i aktivitet
Nasjonal statistikk viser at 33% av born og unge som var med på organisert fritidsaktivitet før pandemien ikkje er komne tilbake i desse aktivitetane. Kva kan vi saman gjere for å få med fleire i minst ein fritidsaktivitet?
- Leve heile livet / frivillige i eldreomsorga/ helse i alt vi gjer:
Ein aktiv kvardag heile livet gir betre folkehelse og førebyggjer einsemd. Kva kan vi saman gjere for at
fleire eldre kan delta/vere frivillig i aktivitet livet ut? Korleis kan vi arbeide for å helsefremjande aktivitet
i alt vi gjer?
- Stadutvikling og gode nærmiljø + Anlegg for idrett og friluftsliv:
Vi har mange fine og attraktive stader folk kan bu, trivast og vere aktive i kommunen vår. Korleis kan vi arbeide saman kommune og frivillige for å skape anlegg, arenaer, hjartestadar og vise dei fram for både fastbuande og dei som ønskjer å flytte til desse stadane?
- Kvardagsintegrering / kvardagsinkludering
Det er mange som flyttar til Stad og mange flyktningar som vert busette i Stad. I tillegg er det nokon
som fell utanfor og av ulike årsaker ikkje deltek på aktivitet/arrangement og i sosiale settingar. Kva kan kommune og frivillige gjere i lag for å få alle til å kjenne seg velkomne, inkluderte og trivast på den
plassen dei bur?
Ved spørsmål kan ein kontakte frivilligsentralane via Stad kommune på tlf.: 578 85 800
Arrangør
-
-
Frivilligsentralen og Stad kommune
Kontakt
-
-
Astrid Grete Torheim tlf 414 60 042 eller Maria Helgesen tlf 958 69 223