Stad

Operasjon nullutslepp Vestland 2030: Kva kan vi gjere lokalt?

Vestland fylke har sett eit tøft mål: Å bli eit nullutsleppfylke i 2030! Inspirert av dette, har no fleire kommunar i nye Vestland sett seg same mål, mellom anna Stad. Andre kommunar har også sjansen til å setje offensive klimamål i løpet av 2020.

Dato
6. februar 2020
Tid
9:00 - 14:00
Stad
Operahuset Nordfjord

Stad kommune, Vestland fylkeskommune og Klimapartnere Vestland vil i samarbeid med Sparebanken Vest invitere til ein inspirasjonsdag for å syne at nullutslepp er mulig – og kan skape eit betre samfunn!

Vi vil syne døme på kva som kan gjerast lokalt, og syne at offensiv klimasatsing ikkje berre er for dei store byane, men også viktig og positivt for distriktskommunar og verdiskaping i distrikta.

Vi vil særleg ønskje velkomen alle i Vestland som det neste året skal arbeide med å lage kommuneplan, setje klimamål og leggje føringar for bærekraftig areal- og samfunnsutvikling. Men alle andre er også hjarteleg velkomne!

Du møter mellom anna desse foredragshaldarane:
Natalia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland
Helene Frihammer, Klimapartnere Vestland
Mathias Fischer, Statssekretær Klima- og miljødepartementet
Ingrid Velken, konserndir. BKK
Johannes Rauboti, konsernsjef SFE
Bente Glomset Vikhagen, Ålesund kommune
Åslaug Krogsæter og Kristine Dahl, Stad kommune

Arrangementet er gratis! Har du spørsmål, kontakt alfred.bjorlo@stad.kommune.no
Stad: Operasalen kl 09-1145, Sagastad kl 1145-1245, Kinosalen kl 1245-1430

PROGRAM
0900-1000 Nullutslepp i Stad og Vestland – dette er oppdraget!
- Natalia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland
- Helene Frihammer, Leiar i Klimapartnere Vestland
- Ragnhild Janbu Fresvik, Konserndirektør bedrift, Sparebanken Vest
- Kristine Dahl, Kommunalsjef kultur og samfunn i Stad

1000-1015 Pause

1015-1145 Ei elektrisk og klimasmart framtid: Kva er mulig i åra framover?
- Johannes Rauboti, Konsernsjef SFE
- Ingrid Velken, Konserndiretør Innovasjon og Utvikling, BKK
- Bente Glomset Vikhagen, ass. Kommunedirektør nye Ålesund kommune
- Mathias Fischer, Statssekretær Klima- og miljødepartementet
- Elevar frå Eid vgs, Vår klimautfordring

1145-1245 Lunsj på Sagastad

1245-1345 Kommunane si rolle: Korleis kan kommunane vere «klimastrategar»?
- Distriktssenteret: Berekraftig samfunnsutvikling – døme vi kan lære av v/ Roar Vangsnes
- Nordic Edge: Smarte lokalsamfunn – som samarbeider v/ Bjarne Uldal
- Innovasjon Norge v/ Kristine Kopperud Timberlid
- Vestland fylkeskommune v/ klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal

1345-1410 Lokal inspirasjon: Rein energi sett i system
- Inviro (Fjordane Virtuelle Campus)
- Bedrifter som fører an: Lefdal Mine Datacenter, Moderne Varme

1410-1430 Vegen vidare
Oppsummering/avrunding – kvar går vegen vidare for kommunane for å nå Vestland sitt klimamål?
- Åslaug Krogsæter, Kommunedirektør i Stad kommune
- Paneldiskusjon

Påmelding til konferanse:
https://stad.kommune.no/sd/skjema/STAD083/

FRIST for påmelding 5. februar kl 12.00

Arrangør

Stad kommune