Stad

Dialogkonferanse - symjebasseng i Selje

Klikk for stort bileteStad kommune søkjer etter samarbeidspartar som kan vere interesserte i eit samarbeid om realisering av basseng i Selje.

Dato
15. april 2020
Tid
10:00 - 12:00
Stad
Virtuelt møte

Samarbeid – er du/de interessert?

Har di bedrift eit prosjekt der det ligg til rette for samarbeid om etablering av nytt basseng?

Stad kommune ønsker velkomen til dialogmøte med leverandørar, entreprenørar og andre som som kan gi oss kunnskap om mulighetsrommet for alternative løysingar og samarbeid for etablering av nytt basseng.

Parallelt med denne prosessen, vil kommunen sjå på moglegheitene for å etablere symjebassenget i tilknyting til ny kommunal fleirbrukshall.

Framdrift

• DIALOGKONFERANSE 15. april kl. 10.00

 Konferanse der Stad kommune presenterer sine ønskjer og dei interesserte kjem med innspel og spørsmål mv.

• EIN TIL EIN KONFERANSE VEKE 17

Møte mellom interesserte og kommunen for å drøfte moglegheiter og avgrensingar

• LØYSINGAR – LEVERINGSFRIST 15. mai kl. 12.00

Dei som er interesserte leverer sine innspel til Stad kommune

Stad kommunestyre skal få ei statusoppdatering på møte i juni. Vidare utgreiing og drøftingar vil skje utover sommaren og hausten. Kommunestyret skal gjere endelege val 29. oktober 2020.

           

 

Arrangør

Stad kommune

Kontakt

Torfinn Myklebust