Innspelsmøte 23. mars - ROS-analyse Stad kommune

Innspelsmøte 23. mars - ROS-analyse Stad kommune

Stad kommune er i gang med å revidere overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for heile kommunen. Ei overordna ROS-analyse skal kartlegge kva vi må sjå nærare på når vi planlegg beredskapen.

For å lage ei god risiko- og sårbarheitsanalyse, inviterer vi til å kome med innspel for å avdekke risiko for alvorlege uønska hendingar i Stad kommune. Invitasjonen har gått ut til bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar i Stad kommune.

Det blir felles arbeids- og innspelsmøte onsdag 23.03.2022 kl. 10-13 på Bryggja grendahus.

Har du innspel kan du også sende desse inn via skjema under:

Gje innspel her