Endringar på stemmesetlane

Ein kan gjere desse endringane på stemmesedlane: 

Ved kommunestyrevalet kan du gje ein eller fleire kandidatar (så mange du vil) ei personstemme ved å setje eit merke i kolonnen "personstemme" til venstre for namna på listekandidatane. 

Vidare kan du gje personstemme til inntil 5 kandidatar frå andre lister (slengarar). Desse skal førast opp i feltet kandidatar frå andre lister" Ein del av stemma di vert då overført til den andre lista/listene. 

Ein kan ikkje stryke kandidatar. 

 

Ved fylkestingsvalet kan du gje ein eller fleire kandidatar (så mange du vil) ei personstemme ved å setje eit merke i kolonnen "personstemme" til venstre for namna på listekandidatane. 

Ein kan ikkje stryke kandidatar.