VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Kommune med motorveg til alle

Kommune med motorveg til alle

Vi kan ikkje garantere firefelts motorveg for biltrafikk til alle bygder i Stad, men vi er på god veg til å nå målet om ein digital motorveg til alle i Stad gjennom utbygging av høghastighets fibernett. Målet vårt er at vi innan utgangen av 2021 skal ha bygd ut eller vere i gang med utbygging av fiber til alle bustader der det er praktisk mogleg i Stad kommune.