Kommune på veg mot nullutslepp

Kommune på veg mot nullutslepp

Vestland fylke har sett mål om å bli klimanøytralt innan 2030. Den utviklinga vil Stad kommune vere med på. Vi er med som ei av 10 norske kommuner og fylke som er blinka ut særskilt til å syne veg mot nullutsleppssamfunnet. Vi er opptekne av å syne at det er mulig å kutte klimagasssar samtidig som vi utviklar eit meir moderne samfunn som tek i bruk ny teknologi og organiserer kvardagslivet på nye og smarte måtar – ikkje ved å «stoppe utviklinga» og bli ei nei-kommune. Ny, grøn næringsutvikling og kutt i klimautslepp skal gå hand i hand i nye Stad kommune