MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Ved spørsmål om testing for koronavirus - ta koronasjekken eller kontakt fastlege/legevakt.

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til reisande - div. informasjonsmateriell for distribusjon /ulike språk

Planar og strategiar

Planar og strategiar

Kommuneplanen er kommunen sin overordna styringsverktøy og inneheld to delar; ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen legg føringar for samfunnsutvikling og tenester, og Arealdelen fastsett arealutviklinga, vekst og vern i kommunen

Stad kommune skal i 2020 utarbeide ein samla kommuneplan for den nye kommunen.

Innan første året i kvar valperiode skal kommunestyret vedta ein kommunal planstrategi. Dette er ikkje ein plan, men eit verktøy for kommunen til å fastleggje og prioritere det vidare planarbeidet.

Føremålet med den kommunale planstrategien er å få ein samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i perioden.

Ny samfunnsdel for Stad kommune

Kommuneplanen sin samfunnsdel er lagt ut på høyring med høyringsfrist 15. august 2020. Det er lagt opp til vedtak av kommuneplanen sin samfunnsdel i september 2020.

Planstrategi for Stad kommune

Formålet med planstrategien er å ta stilling til kva planar vi skal ha i Stad kommune. I forslaget til planstrategi er det lagt opp til å utarbeide kommuneplan med både samfunnsdel og arealdel. 

Planstrategi for Stad kommune 2020-2023  (PDF, 2 MB)

Vedtak kommunstyret 13. desember 2019

Status og utviklingstrekk for Stad kommune

Grunnlagsdokument planstrategi, forventningar til kommunen si planlegging (PDF, 789 kB)

Grunnlagsdomument planstrategi, behov for nye planar i Stad kommune (PDF, 535 kB)

Gjeldande planar

Inntil ny samfunnsdel og arealdel er klar vil dagens planverk vere gjeldande.

Her finn du gjeldane planar.

Stategiar for stadutvikling, næring og reiseliv

Strategi for næring (PDF, 17 MB)

Strategi for reiseliv (PDF, 21 MB)

Strategi for stadutvikling (PDF, 19 MB)

Rapportar frå arbeid med stadutvikling 2018

Stadanalyser 2019/2020

Selje (PDF, 32 MB)
Leikanger (PDF, 10 MB)

Plan for helse og omsorg 

Plan for helse og omsorg vedteken av Eid kommunestyre 21.06.2018.

Kortversjon

 

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020-2024