Nyhende

Kartlegging av frivilligheita i Stad - Utvida svarfrist 4.desember

Det blir i desse dager  gjennomført ei kartlegging av frivillige organisasjonar i Stad kommune.
Kartlegging blir gjennomført som ei spørjeundersøking på epost frå Frivillighet Norge.
Det vil ta 15 - 25 min å svare.  Svarfirst er 4.desemeber. 
Innspela frå frivilligheta er viktig for å legge til rette for best mogeleg vilkår. 
 

Det er Frivillighet Norge i samarbeid med Rambøll som på oppdrag frå Stad kommune skal gjennomføre sjølve kartlegginga.
Kontaktpersonar for laget vil få epost med nokre spørsmål ein skal besvare. Spørsmåla dreiar seg om kva vi har av lag og foreiningar: I tillegg vil spørsmåla omhandletema som rekrutering, samarbeid, økonomi, lokale, mål og hindringar. 

Dersom organisasjonar har spørsmål vil Frivilligsentralane vere tilgjengelege på telefon og epost.

Kartlegginga vil munne ut i en rapport basert på organisasjonane sine svar og blir grunnlaget for vidare samarbeid om ny frivilligpolitikk frå 2024 .  

Det er ein ypparleg sjanse for innbyggjarane, organisasjonane sjølve og kommunen å få betre oversikt over kva vi har og kva vi kan gjere i lag. Det vil også gjere det lettare å nå målet i Frivilligpolitisk plattform om at det skal vere enklet å vere frivillig i Stad.

Det å delta på kartlegginga er såleis meget viktig for lokal frivilligheit og lokalsamfunnet vårt.

Frivilligsentralen har i forkant av undersøkinga vore i kontakt med eit stort tal frivillige organisasjonar i Stad for å få rett kontaktinformasjon og for å informere om undersøkinga. Frivilligsentralane håpar på stor svarprosent med ærlege svar som både kommune og dei frivillige organisasjonane kan lære mykje av.  

Grunnlaget for kontaktliste er i hovudsak oversikt henta frå Brønnøysundregisteret og på Stad foreningsportal. 
Men også lag som vi kjenner til som  nyleg har kome til eller som ikkje har organisasjonsnummer.  
Vi har samla inn rett kontaktinfo slik at vi veit at spørjeundersøkinga kjem fram til rett person.  
Er det nokon som ikkje har blitt kontakta av frivilligsentralane eller som ikkje får undersøkinga på epost, så håpar vi at dei tek kontakt med oss.  

Artikkelliste

Viser 1-10 av 1467 artikler, side 1 av 147