Autorisasjonskurs i plantevern, for nye brukarar, på Sunnmøre

Autorisasjonskurs i plantevern, for nye brukarar, på Sunnmøre

Klikk for stort bilete For å kjøpa og bruka plantevernmiddel i produksjonen på garden, eller på ein arbeidsplass, må du ha plantevernbevis.

NLR Vest held nytt kurs for deltakarar i Vestland og på Sunnmøre. Kurset blir denne gongen tilpassa smittesituasjonen landet er i, og blir halde som nettkurs, ved hjelp av programmet "TEAMS", i veke 22 og 23. Lokale landbrukskontor har ansvaret for eksamen. Det blir  "heimeeksamen", til avtalt tidspunkt, der svar blir sendt på epost. 
 
Teori-undervisninga blir torsdag 28. mai og onsdag 3. juni, begge dagar kl. 10-12. Gjennomgang av teknisk utstyr blir torsdag 4. juni, kl. 10-12. Tidspunkt for eksamen blir avtalt under kurset.

Vi sender ut lærebok og arbeidsbok til påmelde. Meld frå dersom du har desse frå før.
Påmelding innan 21. mai.

Pris: (er inkludert lærebok og porto)

kr 2950,- for medlem kr 2100,-

  
Olav Martin Synnes, 99573688 
Åsmund Kristensen, 41339357

Påmelding kurs