Avtale om kjøp av Lestovika kaianlegg

3. august signerte Stad kommune - Stad Eigedomsutvikling kontrakt om kjøp av kaianlegg i Lestovika. Kjøpsavtala vart inngått med Årvik familien som har eigd og utvikla kaianlegget sidan 1960 talet.

Stad Eigedomsutvikling KF sitt formål om kjøp av kaianlegget i Lestovika er tilrettelegging og utvikling av fiskerikai for sjarkfiskeflåten, samt tilrettelegging for nye unge etablerarar innafor fiskerinæringa.

Planen vidare er å starte opp med oppgradering av området, slik at det vert formålstenleg for den drifta næringa har etterspurt. Det skal i første omgang leggjast ut ei 60 m betongflytebrygge. Denne skal vere klar til bruk i løpet av hausten 2022. Det skal også ryddast opp og stellast til eit område for parkering- og miljølogistikk.

Hamneavgift for bruk av kai vil følgje gjeldande hamnesats.

-        Vi håpar dermed at vi har vore med på å innfri ønskja og behova for fiskerinæringa, og at kaia blir brukt vel, seier prosjektleiar i Stad Eigedomsutvikling Svein Otto Melheim.

Offisiell opning av fiskerikaia vert hausten 2022. I 2023 er planen å forbetre og tilrettelegge for fasilitetar på infrastruktur og logistikk på fiskerikaia.

3. august signerte Per Knut Årvik og Sverre M Årvik avtale med Stad kommune om kjøp av kaianlegget på Lesto. Svein Otto Melheim, prosjektleiar Stad Eigedomsutvikling og ordførar Gunnar Silden er godt nøgde med at kapasiteten og tilhøva no vert vesentleg betra.

 

Bakgrunn for saka:
Sak om kjøp av kaianlegget blei vedteken i Stad kommunestyre 31. mars i år. Vedtaket blei gjort på bakgrunn av sak KS 21/187, og framlegg om gjennomføring av forprosjekt og kartlegging av behovet for fiskerikai i Lestovika. Kartlegginga synte til eit stort behov for ei snarleg etablering av kaianlegg for sjarkfiskeflåten ettersom kapasitet og infrastruktur har vore lite formålsteneleg med tanke på ev nye etableringar og framtidsretta bruk.