Stad

Barn treng forsterforeldre i Nordfjord

Barn treng forsterforeldre i Nordfjord

Jonas, Morten, Saya og mange andre barn kan dessverre ikkje bu heime lenger. Kan du opne heimen din for ein av dei? Kom på infomøte om fosterheimar og hør om barna 16. april.

Barna treng ikkje superforeldre. Dei treng alminneleg god omsorg i ein stabil heim. Dersom du er interessert i å finne ut meir om det å vere fosterheim, så kom på informasjonsmøte på Mehltunet 16. april. Møtet startar kl 18.00, og varer til ca 20.00. Møtet er heilt uforpliktande.

På møtet får du informasjon om kven barna og ungdomane som treng ein ny heim er, kva slags fosterheim dei treng, kven som kan bli fosterforeldre, korleis blir du fosterheim, godtgjersle og mykje meir.

Du vil også få høyre ein fosterforelder fortelle om eigne erfaringar som fosterheim.