MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Ved spørsmål om testing for koronavirus - ta koronasjekken eller kontakt fastlege/legevakt.

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til reisande - div. informasjonsmateriell for distribusjon /ulike språk

Biblioteket opnar gradvis att!

Biblioteket opnar gradvis att!

Klikk for stort bilete 

Stad bibliotek, hovudbiblioteket på Nordfjordeid og avd. Selje i kommunehuset 1. etg  opnar att måndag 18.mai. kl. 10.00

Etter at vi i to månader har vore stengt for besøkande utanom takeaway-utlån, kan du no kome inn på biblioteket for å låne bøker, filmar m.m.

Opningstider som gjeld fram til sommaren

Måndag, Tysdag, Onsdag og Fredag 10.00-15.00, Torsdag 10.00-18.30. Laurdag stengt

Avgrensingar

Biblioteket vil ha nokre avgrensingar for besøkande for å overhalde smittevernreglane:

  • Korte besøk
  • Barn under 10 år må ha med føresette
  • Om du vil lese i avisene må du ha god handhygiene ved å bruke handsprit som er tilgjengeleg i biblioteket
  • Tidsskrift – kontakt tilsette for lån

Særskilte avgrensingar  for hovudbiblioteket på Nordfjordeid :

  • Maks 15 personar i biblioteket samstundes
  • lesesal/studieplass ved  : avgrensa plassar- 6 personar på lesesal, 2 personar på grupperom/småbord i biblioteket - bestill i skranken.
  • Kun 1 Pc til nettbruk/utskrifter (ikkje speling)

Særskilte avgrensingar  for avd. Selje i kommunehuset:

  • Maks 10 personar i biblioteket.
  • Lesesal/studieplass/nettbruk ved avd. Selje i kommunehuset(ikkje spel), maks 2 pers. samstundes (av dei 10) – avtal i skranken.

Låne- og innleveringsrutiner

  • Ta helst med lånekort!
  • Bestill gjerne bøker på førehand, så kan vi lage klart til du kjem og hentar
  • Bruk gjerne sjølvbetjent utlån (reingjering mellom kvar gong og 2 dagar karantene på innleverte bøker)
  • Lever bøker i bokkassa utanfor døra til biblioteket eller på boktralla ved skranken
  • Det er høve til å bestille fjernlån, men det kan ta noko lenger til før bøkene kjem

Stengde tenester

  • Besøk frå skular og barnehagar. Tilsette kan bestille bokkasser for henting, eller kome og plukke ut bøker sjølve.  
  • Sosiale aktivitetar som å spele spel, bruke puslespel og teikne

Smittevern:

  • Vi oppmodar til handvask før og etter bibliotekbesøket, og det vert handsprit ved inngangsdøra, ved sjølvbetjent utlån og fleire stader i biblioteket
  • Hald anbefalt avstand til andre besøkande/tilsette (minst 1 meter)
  • Ver nøye med handhygiene når du tek i bøker og anna utlånsmateriale. Vi har tilgang på hanskar om ynskjeleg
  • Innleverte bøker vert sett i karantene
  • Har du luftvegssymptom ber vi deg om at du ikkje besøkjer oss enno
  • Dei som ikkje ynskjer å gå inn i lokalet, kan få levert bøker ved utgangsdøra etter avtal

Heimkøyring på Eid: Kontakt Eid Frivillegsentral på tlf. 41460042

Heimkøyring i Selje: Kontakt Selje Frivillegsentral på tlf 958 69 223

 

Bibliotekfilialane på Stadlandet og Flatraket er framleis stengt for besøk, men kan kontaktast for takeaway-lån.