Bli med på innbyggjartreff og ALLEMED-dugnad 3. sept!

Laurdag 3. september inviterer Stad kommune og Frivilligsentralane lag, org. og innbyggjarar til treff i Operahuset Nordfjord! 
Påmelding HER  eller kontakt frivilligsentralane( Stad kommune 578 85 800)

Arrangementet er ein del av kommunen/frivilligsentralane sin aktivitetsplan under "Frivillighetens år 2022", og eit av tiltaka under Stad kommune si frivilligpolitiske plattform for 2021-2023. Formålet med arrangementet er å synleggjere og informere innbyggarane om mangfaldet av lag og org. i Stad kommune, bli betre kjend med kvarande på tvers av kommunen, bli kjend med kommunen sitt arbeid, tilbod og tenester. - Og ikkje minst gje nye og gamle innbyggjarar ein kjekk aktivitetsdag for små og store!

Eit viktig punkt på årets program er ALLEMED - ein tverrfagleg dugnad mellom kommune, frivillige, andre aktivitetstilbydarar, ungdom og foreldre der vi saman brukar dialogverktøyet ALLEMED for å skape diskusjon, bevisstgjering og å finne løysningar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar .

ALLEMED - dugnaden vert gjennomført i Operahuset Nordfjord laurdag 3. september kl. 10.00 - 12.30. Det vert servert lunsj (pizza) til alle som deltek!
Alle som vil vere med på ALLEMED-dugnaden og frivillige organisasjonar som vil stille med stand og aktivitetar på innbyggjartreffet melder seg på her.

Velkomne til ein lærerik, spennande og triveleg dag i Operahuset Nordfjord!

Program

kl. 10-14.00 (for lag og org.)
kl. 10.00 – 12.30 ALLEMED dugnad 
kl. 12.30 Lunsj for deltakarane på ALLEMED-dugnad
kl. 13.00 – 14.00 Rigging av stand til Innbyggjartreffet
kl. 14.00 Opning av innbyggjartreffet - alle innbyggarar velkomne! 
Kl. 14.00 – 16.00 Møt frivillige organisasjonar i Stad og bli kjende med aktivitetane deira!
kl. 15.00 Kulturinnslag og kakefest!
kl. 15.50 Dørene til kinosalen opnar
Kl. 16.00 Gratis kino (barnefilm)

Program vil bli nærmare annonsert.

Invitasjon - info og PÅMELDING for lag og org. (PDF, 403 kB)