MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Brannvernveka 2020

Brannvernveka 2020

Mange småbarnsforeldre har ikkje ein plan når brannalarmen går. Når det startar å brenne står nær halvparten av småbarnsforeldra uten noko plan for å få borna i sikkerhet, viser ei ny undersøking. 

- Det er viktig å ha fokus på å ha brannøvelsar heime, og alle bør ha ein plan på kva ein skal gjere i tilfelle brann. Det er ikkje utan grunn, sier Rune Haugland i førebyggande avdeling for Brann og redning i Stad brannvesen.

Ei ny undersøking viser at 42 prosent av familiar med born i alderen 0-12 år ikkje har diskutert korleis dei skal evakuere borna ved ein brann. Om ein blir ramma av ein omfattande brann blir det heile veldig kaotisk og dramatisk, og det kan være vanskeleg å få oversikt over om alle har kome seg trygt ut. Difor er det viktig å ha snakka om kva ein skal gjere på førehand og ha avtalt ein møteplass ute.

- Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, medan den ein letar etter står trygt ein anna stad ute, sier Rune Haugland.

I den nasjonale Brannvernveka, som går av stabelen i veke 38 kvart år, er det mange rundt i heile landet som er engasjert i brannøvelsar og andre aktivitetar som bidreg til auka branntryggleik. Hausten markerar inngangen til ei tid på året då tal boligbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av auka straumforbruk og meir bruk av levande lys.

Ingen Open brannstasjon
- Normalt ville vi invitert små og store til Open brannstasjon i Brannvernveka. Men av smittevernhensyn blir det dessverre ikkje slik i år. Vi vil difor oppmode folk til å engasjere seg på heimebane, og ta branntryggleik på alvor heime i eigen bolig, sier Haugland.

Det er mykje ein kan gjere for å auke tryggleiken, og redusere sannsynligheita for brann i heimen:

  • Ta ein prat med heile familien, gjerne ved middagsbordet, om kva ein skal passe ekstra på for å unngå brann, og kva ein skal gjøre om det likevel tek til å brenne 
  • Ha brannøvelse heime
  • Bli enige om ein trygg møteplass ute som alle kjenner godt
  • Sjekk ut ulike rømningsvegar
  • Røykvarslar og slokkeutstyr må sjekkast jamnleg, også i Brannvernveka


Ha brannøvelse hjemme!
Bli med og ha brannøving heime i veke 38. Mange skular og barnehagar i landet held brannøving denne veka, gjer det heime og. Meld deg på her, for informasjon om korleis ei brannøving kan gjennomførast heime.

Digital Open dag 19. september 
Vi inviterer alle born til ein digital open brannstasjon på Facebook og YouTube med Brannbamsen Bjørnis som vertskap. I sendinga laurdag 19. september kl 11.00 blir det innslag frå fleire brannstasjonar i Norge der sjåarane får vere med på slokkeøving, redning frå stigebil, teste ut brannslangar og mykje anna kjekt! 

Om undersøkinga
Tala kjem fram i ei fersk undersøking gjennomført av Kantar i perioden 28.08 - 07.09.2020, på vegne av Norsk brannvernforening og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).