Covid-19 smitte ved Hogatunet

Ein tilsett og fire bebuarar ved ei avdeling på Hogatunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19. Tysdag ettermiddag fekk ein tilsett ved ei avdeling («Fossen») på Hogatunet bu- og behandlingssenter påvist covid-19 etter hurtigtest. Den tilsette er fullvaksinert og testa seg som anbefalt på grunn av milde symptom.

Tysdag kveld vart andre tilsette og alle bebuarar ved den aktuelle avdelinga testa med hurtigtestar. Fire bebuarar har fått påvist smitte ved hurtigtest. Ingen andre tilsette har fått påvist smitte. Alle dei smitta er fullvaksinerte og har i liten grad symptom på infeksjon. Onsdag vert det gjort vidare kartlegging med PCR-testing. 

Det er innført forsterka smitteverntiltak i avdelinga og saka vert følgt opp i samsvar med rutinar frå Folkehelseinstituttet. Til saka er nærare avklart vil det vere mellombels restriksjonar for besøk i avdelinga. Det er ikkje mistanke om covid-19-smitte ved andre avdelingar, men situasjonen vert følgt tett med lav terskel for testing ved sjukdomsteikn.

Smittevegen i saka er så langt uavklart.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar, også fullvaksinerte, til å vere nøye med å halde seg for seg sjølve og teste seg med heimetest (hurtigtest) ved teikn til luftvegsinfeksjon. Dette er det aller viktigaste tiltaket for å halde kontroll på pandemien og beskytte andre.