Covid-19-utbrotet i Stad – status laurdag  3. april kl. 19

Laurdag kveld viser prøvesvar at éin person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid fredag. Personen har vore i karantene som nærkontakt innanfor husstanden til ein tidlegare smitta. Det er ingen nye nærkontaktar.

Fredag vart 30 personar testa på Nordfjordeid og sju personar testa i Selje. Det er ikkje meldt om fleire positive prøver.

Gjennom påskehelga vil det komme nye statusmeldingar dersom det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen.  

Det vert tilbod om koronatesting i Selje og på Nordfjordeid søndag 4. april (1. påskedag). Nordfjord legevakt kan kontaktast for bestilling av time – telefon 116117. Testing vert gjort på ettermiddagen og bestilling av time må skje før kl. 15 søndag.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.