Covid-19-utbrotet i Stad – status måndag 5. april kl. 20

Måndag kveld har ein fått svar på alle prøver som vart tekne søndag.

Prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid fredag. Smittevegen er kjent og kopla til utbrotet. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa.

Det er ingen andre positive prøver etter testing søndag.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.  

Stad kommune vil kome med ny vurdering av lokale tiltak i løpet av tysdag 6. april.