Covid-19-utbrotet i Stad – status onsdag 31. mars kl. 21.30Onsdag kveld har ein fått svar på alle 25 prøver tatt på Nordfjordeid og 12 av 18 prøver tatt i Selje tysdag. Det er så langt ikkje meldt om nye positive prøver.Onsdag er 17 personar testa på Nordfjordeid og 24 personar testa i Selje.Gjennom påska vil det komme nye statusmeldingar dersom det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen. Det vert tilbod om koronatesting i Selje og på Nordfjordeid fredag 2. april (langfredag) og søndag 4. april (1. påskedag). Nordfjord legevakt kan kontaktast for bestilling av time – telefon 116117. Testing vert gjort på ettermiddagen og bestilling av time må skje før kl. 15 dei aktuelle dagane.Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.Symptom på koronavirus kan vere: Sår hals Hoste Tett eller rennande nase Hovudverk Feber Influensafølelse eller sjukdomsfølelse Kroppsverk Tungpust Tap av smak- eller luktesansVi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast. Publisert 31.03.2021 21.46 Sist endra 31.03.2021 21.48