Covid-19-utbrotet i Stad – status torsdag 1. april kl. 19 Torsdag viser prøvesvar at to personar har fått påvist covid-19 etter testing i Selje onsdag. Personane har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta personar innanfor husstandane. Det er ikkje nye nærkontaktar.Prøvesvar viser også at ein person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid onsdag. Også denne personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta. Det er tre nærkontaktar innanfor familien.Torsdag er det då til saman påvist tre nye personar med covid-19 i kommunen. Alle har vore i karantene og alle har kjent smitteveg kopla til utbrotet.Alle andre prøvesvar er negative.Gjennom påska vil det komme nye statusmeldingar dersom det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen. Det vert tilbod om koronatesting i Selje og på Nordfjordeid fredag 2. april (langfredag) og søndag 4. april (1. påskedag). Nordfjord legevakt kan kontaktast for bestilling av time – telefon 116117. Testing vert gjort på ettermiddagen og bestilling av time må skje før kl. 15 dei aktuelle dagane.Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.Symptom på koronavirus kan vere: Sår hals Hoste Tett eller rennande nase Hovudverk Feber Influensafølelse eller sjukdomsfølelse Kroppsverk Tungpust Tap av smak- eller luktesansVi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast. Publisert 01.04.2021 19.11 Sist endra 01.04.2021 19.30