MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Infovideo om utbrotet i Stad mars 2021

Informasjon om KORONATESTING - Informasjon om VAKSINERING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Covid-19-utbrotet i Stad – status tysdag 30. mars kl. 21.30

Covid-19-utbrotet i Stad – status tysdag 30. mars kl. 21.30

Prøvesvar frå måndag viser at to personar i Selje har fått påvist covid-19. Begge to har vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta. Dei to har ingen nye nærkontaktar.

I tillegg har ein person på besøk i kommunen fått påvist covid-19 etter testing i Selje måndag. Personen er symptomfri og testa seg rutinemessig før reise vidare. Vedkommande har truleg blitt smitta utanfor Stad kommune. Det er tre nærkontaktar innanfor familien. Desse er sett i karantene og vert testa.   

Det er ikkje påvist smitte etter testing gjort på Nordfjordeid måndag. Her manglar ein tysdag kveld svar på tre prøver.

Ein vurderer no at ein har god kontroll på utbrotet også i Selje, og at den samla smittesituasjonen i Stad kommune snart vil kunne vere slik den var før utbrotet. Det er likevel viktig å ha eit stort fokus på godt smittevern gjennom påska. Vi ber alle om å følgje nasjonale anbefalingar og reglar. I tillegg vert Stad kommune sine eigne råd til innbyggjarane i samband med utbrotet gjeldande fram til og med tysdag 6. april.   

  • Alle må vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom
  • Alle må ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/ skule/arbeidsplass
  • Alle verksemder bør nytte heimekontor så langt det er mogeleg og forsvarleg
  • Lag og organisasjonar bør utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper
  • Dei som ønskjer kan gjerne bruke munnbind i det offentlege rom i situasjonar der ein kjem tett på andre over tid. Det viktigaste smitteførebyggande tiltaket er likevel å halde god avstand til andre så langt det let seg gjere