MELDING

Infoside om korona 


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Nye nasjonale koronatiltak frå 4. januar 2021

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Covid-19-vaksinering har starta opp i Stad

Covid-19-vaksinering har starta opp i Stad

Onsdag 6. januar starta vaksineringa av bebuarar på Hogatunet bu- og behandlingssenter på Nordfjordeid. Dei er den første gruppa som har fått tilbod om vaksine i Stad kommune.

Først ut av bebuarane var Sigmund Salveson. Ein blid, forventningsfull 101-åring som var letta og fornøgd med å ha fått den første dosen med vaksine. 

 - Det er godt å komme i gang med vaksineringa, og vi gledar oss til ein tryggare kvardag igjen på sikt. I dag vil alle bebuarane som skal ha vaksina få fyrste dose, deretter blir det ei ny runde om 3 veker, seier Heidi Munch Starheim, einingsleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter.

Det er i løpet av dagen trekt opp 55 koronavaksine-doser i Stad. Neste veke vil det bli gjennomført vaksinering på Seljetunet omsorgs- og rehabliteringsenter. Deretter vil vaksineringa av andre i prioriterte grupper utanom bebuarar ved sjukeheimar/omsorgssenter i Stad kommune starte opp.

Klikk for stort bileteSigmund Salveson, bebuar på Hogatunet bu- og behandlingsenter. 

Klikk for stort bileteLeiar Heidi Munch Starheim (nr. 2 f.v) saman med sjukepleiarane som har tilrettelagt og gjennomført dagens vaksinering.