Dans som kulturskuletilbod i Selje og på Stadlandet

Stad kulturskule vil frå 15. mars 2021 tilby undervisning i dans på Stad bygdehus og Selje skule. Danselærar er Helle Frogner.

I tillegg til dansetimar kvar veke vil du som danseelev i kulturskulen få høve til å opptre på større og mindre arrangement i Stad kommune. Kulturskulen arrangerer også eit danseshow i Operahuset Nordfjord ein gong i året.

Pris per semester: 

  • Born 3 - 5  år: 1.500 kr
  • Frå 6 år og oppover: 2.000 kr

Sidan vi byrjar midt i eit semester vil prisane for våren 2021 vere 750 kr og 1.000 kr.

Selje skule

Måndagar:

  • Born 6 – 8 år - kl. 14:45 – 15:45
  • Born 3 – 5 år - kl. 15:45 – 16:30

Stad bygdehus

Måndagar:

  • Born 3 – 5 år - kl. 17:15 – 18:00
  • Ungdom 12 – 15 år - kl. 19:10 – 20:35

Påmelding:

 https://noeid.speedadmin.dk/tilmelding

VELKOMEN til kulturskulen i Stad!