MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Datoar for influensavaksinasjon i Stad

Datoar for influensavaksinasjon i Stad

I år blir det influensavaksinasjon i Eid Idrettshus måndag 2. november og onsdag 4. november frå kl. 09.30-14.30. Selje har timebestilling og vaksinerer i lokala til helsehuset 21., 22. og 28. oktober etter kl. 12.00.   

Eid og Selje legekontor tilbyr influensavaksine til pasientar i risikogruppene:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling for sjukdom
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom

I år er eigenandelen kr 50,- for influensavaksine for risikogruppene. Om du har frikort, er vaksinen gratis.

Betaling med kort, vipps eller mobilbetalingsløysing.

I år er influensavaksinen ikkje tilgjengeleg for andre enn risikogruppene fram til 1. desember 2020.

Les meir om influensavaksine på Helsenorge.no