Dialogmøte 1. kommuneplan for sjøareal

Dialogmøte 1. kommuneplan for sjøareal

Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune for 2021 – 2031 er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

I høyringsperioden legg vi til rette for ein grundig medverknadsprosess der vi ønsker god dialog mellom næringsaktørar og innbyggjarar, lag og organisasjonar.

Her kan du lese planen og gje innspel. Planforslaget er også tilgjengeleg i kartløysinga til kommunen og i fylket si kartløysing

Vi inviterer til 3 digitale dialogmøter på Teams i høyringsperioden, alle frå kl. 18 – 20.

Første møte 18. februar omhandlar sjøområda i Nordfjorden, frå Bryggja til grense mot Stryn.

Lag og organisasjonar, grunneigarar og næringsaktørar får direkte invitasjon til møtet. Møtet vert annonsert og er ope for alle, dei som ønsker å stille spørsmål eller halde innlegg melder seg på i Teams. Det vert gjort opptak av møtet.  

Møtet vert gjennomført i tre delar, ein informasjonsdel, ein dialogdel og ei avsluttande orientering frå kommunen:

Informasjon

  • Kommunen innleier om planarbeidet med grundig skildring av medverknadsprosess.
  • Det vert orientert om gjeldande planar og framtidig foreslått arealbruk.

Dialog

  • Næringsaktørane får presentere sine grunngjevingar for arealbruken.
  • Høve til å stille spørsmål på chatt eller videolenke etter kvar enkelt presentasjon.
  • Lag og organisasjonar får presentere sine merknadar til planframlegget.
  • Høve til å stille spørsmål på chatt eller videolenke etter kvar enkelt presentasjon.

Avsluttande orientering

  • Om frist for skriftlege innspel til kommunen og høve til å be om møter med kommunen.

Lenke til Microsoft møte finn du her:

Delta i møte på PC eller mobil app: Click here to join the meeting

Delta på møte via konferansen: nordfjordnett@m.webex.com Video Conference ID: 125 625 965 9