Digitalt frukostmøte med næringslivet 19.2

Velkomen til digitalt frukostmøte for næringslivet i Stad fredag 19. februar kl 08-10, stad: Teams

Stad kommune og Stad Vekst vil invitere alle næringsdrivande i Stad til digitalt frukostmøte fredag 19. februar. Vi vil informere om saker Stad kommune og Stad Vekst arbeider med som kan vere viktige for deg som driv næring, og ha ein «open spørjetime» for tema du ønskjer å ta opp.

 Tema vi vil kome innom på møtet er:

• Stad Skipstunnel – kva skjer i 2021?
• Regional Transportplan for Vestland – kva er viktig for næringslivet?
• Ny plan for sjøområda i Stad: Hovudpunkt og vidare prosess
• Nye sentrumsplanar for Nordfjordeid, Selje og Leikanger – korleis blir næringslivet involvert?
- Status reguleringsplan Selje og Leikanger
- Presentasjon av ny rapport om Eidsgata og strategiarbeid for vidare utvikling av Nordfjordeid
• Nordfjordeid som skulestad for livslang læring: Kva treng næringslivet?
• Ny felles profil for Stad
• Nytt frå Stad kommune
• Nytt frå Stad Vekst
• Open spørjetime

Velkomen – møtet er ope for alle interesserte!

Bli med på møte via PC-en eller mobilappen

Klikk her for å bli med i møtet

Bli med ved hjelp av en videokonferanseenhet

nordfjordnett@m.webex.com

Videokonferanse-ID: 124 604 521 9


Stad kommune v/ Alfred Bjørlo, ordførar og Kristine Dahl, kommunalsjef næring
Stad Vekst v/ Olav Steimler, dagleg leiar og Oddvar Flølo, styreleiar