VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Eigedomsskatt 2020

Eigedomsskatt 2020

Skatteseddel for 2020 vert sendt ut innan 1. mars 2020.

Registrert eigar av eigedomen (tinglyst eigar) er ansvarleg for eigedomsskatten. Er det fleire eigarar blir ein av dei sett opp som kontaktperson.

Kommunestyret har vedteke at skattesatsen for 2020 er 3,5 promille.

Eigedomsskatt vert fakturert saman med andre kommunale avgifter i 4 terminar. Første termin vert sendt ut i februar med betalingsfrist 20. mars.

Eigedomsskatt under kr 1000.- vert fakturert i sin heilhet 2 termin 2020 (juni 2020)

 

Korleis vert skatten rekna ut?

Promillesatsen skal vedtakast av kommunestyret kvart år i samband med handsaming av kommunebudsjettet. For 2020 er vedteken promillesats 3,5 promille.

Kva utgjer eigedomsskatten for eit bustadhus:

Likningsverdien som det vert utlikna formuesskatt på utgjer normalt 25 % av formuesgrunnlaget (bustadverdi)som skatteeetaten har fastsett. Dersom likningsverdien er fastsett til kr 500 000, finn ein formuesgrunnlag ved å multiplisere med 4, altså kr 2 000 000.

I 2020 skal det nyttast ein reduksjonsfaktor (fastsett av finansdepartementet), slik at ein skal multiplisere formuesgrunnlaget  med reduksjonsfaktor 0,7 for å finne skattegrunnlaget. Deretter multipliserer ein dette med 3,5 promille, som er satsen for utskriving av eigedomskatt vedteken for 2020.

I dette dømet vil eigedomsskatten for 2020 verte:
Kr 2 000 000 x 0,7 = kr 1 400 000 (skattegrunnlag)
Kr 1 400 000 x 0,0035 = kr 4900 (eigedomsskatt)

Meir informasjon om eigedomsskatt og bustadverdi finn du på skatteetaten si side om eigedomskatt.

Skatteetaten

Fritidsbustad/våningshus og kombinasjonsbygg

Bustadeigedommar som skatteetaten manglar register for, dvs kombinasjonsbygg (bustad/næring), våningshus/garasjar på gardsbruk, fritidshus/naust og ubebygde tomter er taksert av kommunen.
Desse får utskrive eigedomsskatt etter eigen takst.

Spesielt for grensejustering

Det grensejusterte området i Stad kommune beheld eigedomane takstar i 2020 som dei føreligg frå tidlegare Vågsøy kommune.

Eigedomar som får fastsett takst etter bustadverdi frå skatteetaten vil får dette frå og med 2021. Dei eigedomane som ikkje har bustadverdi vil bli taksert av sakkunnig nemnd i 2020. Samordning av takstgrunnlaget for Stad kommune samla skal være klart til utskriving av eigedomsskatt innan 01.03.2021.