Eigedomsskatt 2024

 

 

 

 

 

 

 

 

Eigedomsskatten for 2024 er skriven ut. Skattelista er publisert på nettsida til kommuen. (PDF, 778 kB)Den er også lagt ut for offenlig ettersyn i servicetorget på rådhuset på Eid og kommunehuset i Selje. 

Det er sendt ut skatteseddel til alle eigarar for 2024. Eigedomsskattetaksten for 2024 er også tilgjengelig  i MinEigedom.

Registrert eigar av eigedomen (tinglyst eigar) er ansvarleg for eigedomsskatten. Er det fleire eigarar, blir ein av dei sett opp som kontaktperson.

Kommunestyret har vedteke at skattesatsen for 2024 er 3,5 promille.

Eigedomsskatt vert fakturert saman med andre kommunale avgifter. Normalt vert desse fakturert i 4 terminar. Det er no også mogeleg å få faktura 12 gonger i året (månadleg fakturering). Dette kan du sjølv velje ved å logge deg inn på MinEigedom.

Faktura under kr 1000.- vert fakturert i sin heilhet i mai månad med forfall i juni.

Korleis vert skatten rekna ut?

Promillesatsen skal vedtakast av kommunestyret kvart år i samband med handsaming av kommunebudsjettet. For 2024 er det vedteken ein  promillesats på 3,5 promille.

Kva utgjer eigedomsskatten for eit bustadhus:

Formuesverdi som det vert utlikna formuesskatt på utgjer normalt 25 % av formuesgrunnlaget (bustadverdi) som skatteeetaten har fastsett. Dersom likningsverdien er fastsett til kr 500 000, finn ein formuesgrunnlag ved å multiplisere med 4, altså kr 2 000 000.

I 2022 skal det nyttast ein reduksjonsfaktor (fastsett av finansdepartementet), slik at ein skal multiplisere formuesgrunnlaget  med reduksjonsfaktor 0,7 for å finne skattegrunnlaget. Der etter multipliserer ein dette med 3,5 promille, som er satsen for utskriving av eigedomskatt vedteken for 2023.

I dette dømet vil eigedomsskatten for 2024 verte:
Kr 2 000 000 x 0,7 = kr 1 400 000 (skattegrunnlag)
Kr 1 400 000 x 0,0035 = kr 4900 (eigedomsskatt)

Meir informasjon om eigedomsskatt og bustadverdi finn du på skatteetaten si side om eigedomskatt.

Skatteetaten

Kvar finn ein bustadverdien?

Bustadverdien finn ein i skattemeldinga for 2022. Det er bustadverdien som er grunnlag for formuesverdien (likningsverdi) på bustaden. Her finn ein opplysningar om byggjeår, areal og bustadtype.

 

Bustadverdi

 

 

 

 

Fritidsbustad/våningshus og kombinasjonsbygg

Bustadeigedommar som skatteetaten manglar register for, dvs kombinasjonsbygg (bustad/næring), våningshus på gardsbruk, fritidshus og ubebygde tomter, er taksert av kommunen.
Desse får utskrive eigedomsskatt etter eigen takst.