Eigedomsskatt i Stad kommune

Eigedomsskatt i Stad kommune

Klikk for stort bileteInformasjon om eigedomsskatt i Stad kommune. 

 

 Informasjon om eigedomsskatt 2021

 

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som den enkelte kommune kan skrive ut med heimmel i Lov om eigedomsskatt (eigedomsskattelova). For fastsetjing av eigedomsskattetakst gjeld følgande hovudprinsipp med samsvar til eigedomsskattelova §8 A-2(1): "Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal." I 2020 var det 319 av Noregs 356 kommunar som har innført eigedomsskatt (kjelde SSB)

I Stad kommune har ein vedteke å nytte bustadverdi frå skatteetaten som grunnlag for eigedomsskattetaksten på bustad eigedomar. Andre eigedomar som fritidseigedomar, våningshus på landbrukseigedomar og kombinasjonsbygningar (næring/bustad) vert taksert av kommunen v/ sakkunnig nemnd.

Korleis bereknast taksten

Gjeld kun for eigedomar som ikkje frå berekna eigedomsskatt etter skatteetatens bustadverdi.

Taksten som er berekna for den enkelte eigedom, er i hovudsak basert på fakta om eigedomen. Bygningstypar og bruksareal er gitt ulike sjablongprisar (gjennomsnitt prisar) pr. kvadratmeter bruksareal. I tillegg er det forteke ein skjønns messig vurdering av bygninganes standard ut frå byggjeperiode. Dette nemnast som Vurderingsfaktor indre på skattetakstskjemaet. Våningshus og kombinasjonsbygningar er gitt ein sonefaktor for å justere taksten for plassering i kommunen. 

Taksten justerast også for forhold rundt eigedomen der dette er aktuelt. Dette nemnast som Vurderingsfaktor ytre på takstskjemaet. Dette gjelder eksempelvis konsesjonspliktige landbrukseigedomar. Ved sida av en del faktaopplysningar som allereie finns i offentlige register om eigedomen, er det gjort ein utvendig synfaring og vurdering av den enkelte eigedom. Sjå rammer og retningslinjer for detaljar om taksering.

Detaljert takstskjema vert sendt ut ved ny taksering. Alle takserte eigedomar har motteke dette i samband med taksering. 

Kva er måleverdig areal

Måleverdig bruksareal (BRA) (PDF, 499 kB) er definert i Norsk standard NS3940. Alt areal innanfor ytterveggen er måleverdig. Det skal ikkje fråtrekkas areal av veggar, rør og lendingar, sjakter, søyler eller liknande innanfor brukseininga. Areal under takutspring, f.eks. salgang reknas ikkje med.

Arealtyper i utsendt takstskjema

Areal bustad: Bustad og våningshus, inkludert boder.

Areal annet: Fritidsbustad inkludert boder.

Areal alt.: Integrert garasje og uisolerte boder føres som alternativt areal.

Areal alt. 2: Carport

 

Informasjon om eigedomsskattetakst med grunnlag i bustadverdi

Rammer og retningslinjer for taksering (PDF, 867 kB)

Skatteliste eigedomsskatt 2021  (PDF, 769 kB)

MinEigedom