Ein ny person i Stad kommune smitta med covid-19

Prøvesvar torsdag ettermiddag viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid onsdag. Personen er husstandsmedlem til ein tidlegare smitta og har vore i karantene sidan tysdag kveld.

Den smitta er elev i klasse 7B ved Nordfjordeid skule og kan ha vore smittsam i klassemiljøet måndag og tysdag. Elevar og lærarar i klasse 7B er sett i karantene og vert testa fredag morgon. Husstandsmedlemmar er sett i ventekarantene.

Elevar i parallellklassen, 7A, er sett i ventekarantene fram til ein har fått prøvesvar frå testing av elevar og lærarar i 7B og eit klarare bilde av smitterisikoen. Husstandsmedlemmar til elevane i 7A treng ikkje vere i ventekarantene.  

Prøvesvar frå PCR-testing onsdag har også stadfesta dei to smittetilfella som allereie var påvist ved hurtigtestar. Det er elles ingen positive prøvesvar frå testing onsdag.

Torsdag er nærare 90 personar testa på Nordfjordeid og prøvesvar er venta fredag kveld. 

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans