Éin ny person smitta med covid-19 i Stad kommune Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune. Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ikkje ført til nye nærkontaktar i saka. Publisert20.11.2020 23.00 Sist endra21.11.2020 09.45 Smittetilfellet er kobla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Den smitta er i heimeisolasjon. Kommunen har gjennomført omfattande smittesporing og testing i veka som har gått, og ein har klart å få god kontroll på situasjonen. Fleire prøvesvar er venta laurdag. Kommunen kjem tilbake med ny informasjon når vi kjenner resultatet av desse.