Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Personen har ikkje vore på reise til område med høg smitterisiko og saka kan så langt ikkje koplast til andre kjende smittetilfelle. Kommunen har drive smittesporing frå testresultatet kom fredag kveld. Nærkontaktar har fått beskjed om karantene og dei vert testa laurdag.

Sidan det er ukjent korleis den sjuke har blitt smitta, ber kommunen alle innbyggjarar om å ha spesielt lav terskel for å halde seg for seg sjølve og teste seg om dei vert sjuke i tida framover. Det er også viktig å halde god avstand til andre og ha god handhygiene.

Viser til informasjon om koronatesting i Stad og minner om dei nasjonale smitteverntiltaka.