Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Torsdag kveld (22/7) synte resultat frå testing gjort på Nordfjordeid onsdag at éin person har testa positivt for covid-19. Personen testa seg etter opphald i Bergen. Alle nærkontaktar er kartlagt og varsla, og ubeskytta nærkontaktar er sett i karantene. Personen er truleg smitta i Bergen. Utover dette er smittevegen ukjent. Smittesporinga er avslutta.

Personar som er delvaksinerte med første vaksinedose meir enn tre veker før eksponering for smitte, eller fullvaksinerte meir enn ei veke før eksponering, vert rekna som beskytta og vert ikkje pålagt smittekarantene sjølv om dei er nærkontaktar til ein smitta. Delvaksinerte nærkontaktar vert testa tre til sju døgn etter eksponering. Ubeskytta nærkontaktar vert sett i karantene på vanleg måte og testa i starten av karanteneperioden og sju døgn etter siste eksponering.

Tysdag 20. juli var den smitta personen på Gymmen Pub (utandørs) på Nordfjordeid i tidsrommet 18:30 til 20:00 og på Magnifikk på Nordfjordeid i tidsrommet 20:30 til 00:30. Vi ber andre som var gjestar desse stadane i dei aktuelle tidsromma, om å vere ekstra merksame på eventuelle sjukdomsteikn og ha lav terskel for å teste seg.

Ein har ikkje svar på mutasjonsanalyse enda, men det er deltavarianten av koronaviruset som er vanlegast i Norge no.

Stad kommune oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.