Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Seint onsdag kveld synte resultat frå testing gjort på Nordfjordeid tysdag at ein person har testa positivt for covid-19.

Personen er fullvaksinert, men vart testa på grunn av opplysingar om nærkontakt med ein smitta under reise nokre dagar tidlegare. Nærkontaktar er kartlagt og følgt opp på vanleg måte i samsvar med vaksinasjonsstatus. Smittesporinga er avslutta.