Endringar i tilbodet i fastlegetenesta i samband med utbrotet av Covid-19 (koronavirus)

I samband med utbrotet av Covid-19 (koronavirus) ser vi behov for å gjere endringar i organiseringa av fastlegetenesta.

Fastlegetenesta vil frå i dag, 16.03.2020, berre tilby heilt nødvendige legetenester i samband med akutte medisinske behov eller oppfølging av kroniske tilstandar der dette er nødvendig. Legetenesta vil organisere seg på ein måte som sikrar at drifta kan oppretthaldast også i møte med aukande førekomst av smitte i befolkninga. Dette vil mellom anna medføre bemanningsordningar som vil føre til at pasientar ikkje har same tilgang til sin eigen lege som elles. Akutte tenester vil verte organisert på tvers av fastlegelistene.
 
Alle planlagde legekonsultasjonar vil gå ut. Pasientar treng ikkje sjølve å ta kontakt for avbestilling. Fastlegar og anna personale vil likevel gjere sitt beste for å følgje opp dei pasientane som treng det, og vil ta direkte kontakt med pasientar om ein ser det er nødvendig. Ein oppmodar også pasientar som sjølve vurderer at dei har behov for medisinsk oppfølging, om å ta kontakt med legetenesta ved behov.
 
Om du er i tvil om du treng legehjelp og er urolig for eigen helsetilstand, er det framleis viktig at du tek kontakt med oss. 
 
Det er eigne reglar for sjukmelding tilpassa den spesielle situasjonen vi no er i. Vi ber alle pasientar om å orientere seg om dette på nav.no. 
 
Blodprøvetaking og andre laboratorietenester vert også avgrensa til situasjonar med akutte medisinske behov eller ved oppfølging av kroniske tilstandar der dette er nødvendig. 
 
Personar med symptom på luftvegsinfeksjon som har god allmenntilstand og ikkje treng undersøking av lege, ber vi om å halde seg heime så langt det let seg gjere. Ingen med slike symptom skal møte på legekontoret sitt venterom. Dette er viktig for å hindre at sårbare pasientar vert utsett for mogeleg smitte. Alle pasientar som treng legetilsyn ved luftvegsinfeksjon, skal kontakte legekontora per telefon og gjere avtale om undersøking. Dette vil så verte organisert på ein måte som ikkje eksponerer andre pasientar eller personell i legetenesta for smitterisiko.

Vi oppmodar pasientane våre om å nytte digitale løysingar gjennom helsenorge.no så langt det let seg gjere. Om dette ikkje let seg gjere, eller om hjelpa hastar, kontakt oss per telefon. 
 
Legetenesta vil i størst mogeleg grad forsøke å yte tenester gjennom telefonkonsultasjonar eller videokonsultasjonar. 
 
Vi minner om at det er svært viktig at alle følger nasjonale og lokale retningslinjer for å førebygge smitte. Vi ønskjer alle å verne om dei mest sårbare pasientane våre.