MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Fire nye personar smitta med covid-19 i Stad kommune

Fire nye personar smitta med covid-19 i Stad kommune

Fire nye personar har testa positivt for covid-19 i Stad kommune. Alle desse var allereie i karantene fordi dei var nærkontaktar til personar med kjent smitte. 

Alle tilfella er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Dei smitta er i heimeisolasjon og nærkontaktar er sett i karantene og vert testa i dag.

Kommunen har god kontroll på situasjonen gjennom smittesporingsarbeidet, og ein har framleis ikkje funne grunnlag for eigne lokale tiltak utover nasjonale råd og retningslinjer. Aktivitet i skular, barnehagar og arbeidsliv kan gå som normalt med gjeldande smitteverntiltak. Ein har heller ikkje funne grunnlag for å avgrense aktivitetar innanfor idretten eller kulturlivet. På grunn av omfanget i saka gjer kommunen fortløpande vurderingar omkring aktuelle tiltak i samråd med Folkehelseinstituttet.

Kommunen ber alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom om å ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.