Første koronasmitta i Stad kommune

Første koronasmitta i Stad kommune

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa i går den 26. juni positivt på covid-19. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa i går den 26. juni positivt på covid-19. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.

​Den tilsette er ein svensk vikarlege som arbeider ved medisinsk avdeling.
- Vi sette med ein gong i verk tiltak etter dei planane Helse Førde har for handtering av koronasmitte, og er i ferd med å få god oversikt over kontaktflata til den smitta, sier direktør ved medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Helse Førde har sidan den positive prøva vart kjend, arbeidd med å spore kva kontakt den tilsette har hatt med kollegaer og pasientar. Dei som har hatt med den smitta å gjere, blir kontakta av sjukehuset og informerte, og ved behov motta individuelle tiltak.

Pasientar som no treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.