Gateordførarkontor for 10. år på rad

Ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune flyttar denne veka kontoret ut i Eidsgata på Nordfjordeid for 10. sommar på rad.

I år blir Stad kommune sitt gatekontor saman med Eid Frivilligsentral i nye lokale i Eidsgata 9. Her vil ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik bli å treffe kvar dag, samtidig som det blir aktivitetar og tilbod for born, ungdom og eldre.

Det blir gaming for ungdom, fotokonkurranse, Popup-butikk med resirkulerte produkt frå det lokale arbeidstreningssenteret (LA-senteret) og kontorplassar for dei som treng ein stad å fjernjobbe på i sommarferien.

- No går Stad kommune frå å gjere «gatekontor» til eit sommar-stunt nokre få dagar til å bli ei fast ordning året rundt. I Eidsgata 9 skal vi lage ein uformell, open møteplass for born, unge og gamle med eit mangfald av aktivitetar i framtida: Vi skal rett og slett flytte kommunen ned på gateplan og invitere alle inn, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik.