MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Infovideo om utbrotet i Stad mars 2021

Informasjon om KORONATESTING - Informasjon om VAKSINERING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Har du innspel knytt til trafikktryggleik i Stad kommune?

Har du innspel knytt til trafikktryggleik i Stad kommune?

Arbeidet med den lokale transportplanen for Stad kommune er i gang. Planen skal vere eit politisk styringsdokument og verktøy som skal sikre ein føreseieleg og heilskapleg samferdslepolitikk i kommunen. 

Gjennom planarbeidet vil vi belyse ulike faktorar knytt til transport, og slik skaffe oss eit heilskapleg bilde. Planen skal blant anna dreie seg om klimavennleg mobilitet, trafikktryggleik, næringsliv og transport.

Tidlegare i år starta vi ei spørjeundersøking om reisevanane til innbyggarar i Stad kommune (frist 19.2). Formålet med dette var å kartlegge mobiliteten i kommunen. Vi skal no fokusere på trafikktryggleik og treng derfor no hjelp av deg igjen! For oss er det viktig at alle får moglegheit til å bli høyrd, og kan seie si meining.

Vi har gjennom ulike kanalar allereie samla inn ein del innspel rundt trafikktryggleik. Innspela er komne frå bla. private personar, skular, barnhagar og offentlege verksemder - og ein del er vidareført frå tidlegare planar.

Kommunen har ansvar for vedlikehald av det kommunale vegnettet inkl. fortau, gang- og sykkelveier. Ein del av innspela som ligg føre dreier seg om fylkes/- eller riksveier, og vi er i tett dialog med Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen for å vurdere tiltak og motivere til investeringar for å sikre ein trygg og klimavennleg trafikk i kommunen.

Dersom du lurar på kva vegar som er kommunale og kva som er fylkes- eller riksveg, kan du sjekke ut den nasjonale vegdatabanken.

Sei di meining her!

For å få eit breitt grunnlag for trafikktryggingsarbeidet ber vi deg no om å gje oss dine innspel. - Er det noko du oppfattar som farleg, noko som er i dårleg tilstand eller øydelagd, så vil vi gjerne ha di meining!

Vi oppmodar deg til å lese gjennom lista med innspel først, og sjå på kva som allereie har kome inn.

Innkomne innspel (PDF, 597 kB)

Har du bilder må desse sendast oss på e-post.

Kva skjer vidare?

Du har tida fram mot 28. februar til å komme med innspel. I mellomtida vil vi jobbe vidare med å hente inn kunnskapsgrunnlag for å sikre ansvarlege avgjersler og utvikle strategiar. Når vi har samla inn nok informasjon vil vi utarbeide eit utkast til ein lokal transportplan. Når utkastet er klart vil planen bli lagt ut på høyring og du vil få moglegheit til å lese gjennom utkastet og kome med forbetringsforslag før planen skal endeleg vedtakast.

Du kan vere med å gjere ditt for at Stad kommune skal bli ein meir klimavennleg og tryggare stad!