Har du innspel til lokal transportplan for Stad kommune?

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 vart Lokal transportplan 2022-2034 sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i F-sak 22/075 den 09. juni 2022. 

Gjennom denne planen ønskjer vi å utvikle samfunnet slik at klimagassutsleppa vert sterkt redusert, arbeide aktivt for klimaomstilling i samfunnet og grøn vekst i næringslivet, og utvikle transportsystem som gjev mobilitet. I den lokale transportplanen har vi valt å samanfatte den overordna målsettinga slik: 

«Stad kommune tilbyr eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, knyter kommunen saman og fremjar lokal utvikling».

Planen vert no sendt på høyring til innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og formelle høyringspartar. Alle er velkomne til å kome med innspel til arbeidet.

Kva ønskjer vi innspel på?

Vi ønskjer tilbakemeldingar på både innhald og korleis vi skal prioritere. Med knappe økonomiske ressursar må vi ha innspel på kva som bør prioriterast opp, men også kva som kan prioriterast ned.

  • Er mål og strategiar rette med tanke på kommunen sine utfordringar?
  • Kan kriteria for prioritering av investering, drift og vedlikehald forbetrast? Kva kriterium bør eventuelt endrast?
  • Kan kriteria for for klassifisering av privat og offentleg veg forbetrast? Kva kriterium bør eventuelt endrast?
  • Korleis kan vi betre legge til rette for alle innbyggjarane sitt transportbehov? Kva kan gjerast for å ivareta interessene til barn, unge, eldre og rørslehemma?

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg behandling. Det er lagt opp til vedtak hausten 2022.

Korleis gje innspel?

Høyringsfrist 15.08.2022

Sjå dokumenta i saka her

Saksframlegg med vedtak og plandokument:

https://stad.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2022016577&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=2652&