Har du ledig bustad å leige ut til flyktningar frå Ukraina?

Har du ledig bustad å leige ut til flyktningar frå Ukraina?

Det kjem stadig flyktningar til Norge som er på flukt frå krigen i Ukraina, og det blir jobba jamt med å etablere fleire husvære for flyktningar over heile landet.

Stad kommune har så langt i 2022 busett 62 frå Ukraina, og skal ta imot fleire flyktningar i 2022 (i tråd med kommunestyrevedtaket mars 2022 på totalt 115 frå Ukraina). Foreløpig er det 28 personar på lista som kjem til Stad kommune før nyttår.

For å få til planlagt busetting treng kommunen tilgang på fleire bustadar, og ønsker no å gjere ei ny kartlegging av privatpersonar eller organisasjonar som ønsker å
tilby midlertidig eller fast bustad.

I denne omgang er det behov for bustad i gåavstand til skule, barnehage og butikk. Vi ønskjer om mogleg møblerte bustadar for snarleg innflytting av einslege og mindre familiar frå Ukraina.

Har du ledig husrom/bustad du ønsker å gjere tilgjengeleg registrer her:
Registrer ledig bustad/husrom

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Sjå også UDIs informasjon for personer som ønsker å hjelpe flyktningar frå Ukraina 