Har du nett kome frå område med høg smitteførekomst?

I samband med utbrot av koronavirusmutasjonar er det innført kraftige tiltak i fleire område. 

Målet med tiltaka er å hindre vidare spreiing av ein svært smittsam variant av viruset. Informasjon om dette ligg på https://www.helsenorge.no/koronavirus/

Mange i Stad kommune og Nordfjord reiser til og frå sentrale områder som har auke i spreiinga av viruset. Det er derfor viktig at vi også her i vår region gjer det vi kan for å førebygge spreiing av den muterte virusvarianten.

Informasjon om smitteførekomst i dei enkelte kommunane i Norge ligg tilgjengeleg her: https://www.vg.no/spesial/corona/  Kommunar med meir enn 150 registrert smitta per 100 000 innbyggjarar siste 14 dagar, vert rekna som område med høg smitteførekomst.

Den første tida etter heimkomst frå område med høg smitteførekomst har du høgare risiko for å vere smitta med viruset, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg.

  • Hald 2 meters avstand til andre så langt det går
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre og ikkje besøk eldre og andre personar med høg risiko for alvorleg sjukdom
  • Ikkje oppsøk restaurantar, treningssenter eller andre stadar der folk samlast
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit
  • Bruk munnbind ved pasientkontakt om du arbeider i helse- og omsorgstenesta
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

Kommuneoverlege Stad

Thomas Vingen Vedeld