VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Høyring - Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og dekking av økonomisk tap

Høyring - Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og dekking av økonomisk tap

Kommunelova slår fast at kommunestyret skal gje forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og dekking av økonomisk tap.

Formannskapet i Stad legg framlegg til lokal forskrift gjeldande folkevalde sin rett til godtgjersle og dekking av økonomisk tap ut til høyring. Forskrifta trer i kraft 1. juni 2020

Høyringsfrist: 13. mars 2020

Slik sender du merknad til forskrift:
Merknadar skal vere skriftlege, og sendast til Stad kommune, rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid eller til e-post post@stad.kommune.no.

Her kan du sjå forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle.