Ikkje ring oss om anna enn akutte tilfelle

Oppmoding frå kommuneoverlegen: Mange er bekymra og har mange spørsmål omkring koronavirus. Dette fører no til ein ekstrem pågang på telefon til legekontora i kommunen

Dette gir risiko for at personar som treng akutt helsehjelp, ikkje kjem igjennom til oss. Vi oppmodar derfor alle til å søke informasjon på helsenorge.no om dei treng råd og rettleiing omkring koronavirus. Om ein ikkje finn svar der, kan ein også ringe nasjonal informasjonstelefon om koronavirus på telefon 815 55 015. Sjå også lokal informasjon på nettsida til kommunen. Alle kan med dette gjere sitt for at pasientar som treng akutt legehjelp, får denne så raskt som dei treng det.