Influensa- og koronavaksinasjon hausten 2023Vaksinering for alle over 65 år og dei andre risikogruppene vil bli gjennomført første veka i november. Det vil bli tilbod om både influensavaksine og coronavaksine desse dagane. Korona og influensavaksine kan takast samtidig. Ved samvaksinering settast vaksinane i kvar sin arm. Alle over 65 år bør ta begge vaksinane. Vaksne som er kronisk sjuke, har alvorleg fedme eller er gravide bør også ta vaksinane. Du finn meir utfyllande vaksineinformasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider Vaksinasjonsdagar for risikogruppene Selje skule (gymsalen) : Torsdag 2. november kl 16.00-19.00 - for personar fødde i månadane januar til juni Onsdag 8. november kl 16.00-19.00 - for personar fødde i månadane juli til desember Eid Idrettshus: Torsdag 2. november kl 09.00-14.30 - for personar fødde i månadane januar til juni Onsdag 8. november kl 09.00-14.30 - for personar fødde i månadane juli til desember Drop-in vaksinasjon begge stadar (ikkje timebestilling). I år kostar influensavaksinasjon for risikogruppene kr. 250,- . Betaling med bankkort eller Vipps. Koronavaksinasjon er gratis. Publisert 09.10.2023 11.00 Sist endra 10.10.2023 12.23