Stad

Influensavaksinering i Stad kommune hausten 2021

Influensavaksinering i Stad kommune hausten 2021

Etter eit spesielt år under pandemien er det venta at den kommande influensasesongen kan verte hard. Vaksinasjon av risikogruppene er eit viktig tiltak for å beskytte mot alvorleg sjukdom. Her kan du lese meir om kven som får tilbodet. Legetenesta har influensavaksinar tilgjengeleg frå siste del av oktober.

Kven kan få vaksinen?

Det er dei som er i risikogrupper og andre spesifikke målgrupper som får tilbod om influensavaksine gjennom legetenesta i kommunen.  

Risikogrupper:

  • Bebuarar i omsorgsbustadar og omsorgssenter (desse vert vaksinert ved omsorgssenteret)
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før uke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Spesifikke målgrupper:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) pasientar med svekka immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Kvar får du teke vaksinen?

  • Dersom du har avtalt konsultasjon med fastlegen, kan du få sett vaksinen der i samband med konsultasjon frå 20. oktober og framover.
  • Stad kommune vil organisere eigne vaksinasjonsdagar for alle i risikogruppene. Dette tilbodet vert organisert slik:
  • Selje legekontor:
    • Timebestilling for influensavaksinasjon i veke 43 og 44.
    • Ring 57856106 for å bestille time.
  • Eid Idrettshus:
    • Drop-in influensavaksinasjon 28. og 29. oktober kl 09:30 - 14:30  (ikkje timebestilling)
    • Torsdag 28. oktober for personar fødde i månadane januar til juni
    • Fredag 29. oktober for personar fødde i månadane juli til desember
    • Vi reknar med størt pågang om morgonen, og ber dei som kan om å komme litt seinare på dagen. Vi har nok vaksinar til alle.
  • Helsepersonell i Stad kommune vil få tilbod om vaksine på jobb.

Kva kostar vaksinen?

I år er eigenandelen kr 50,- for influensavaksinasjon for risikogruppene. Om du har frikort, er vaksinen gratis.   

Meir informasjon om influensavaksinen