Informasjonsmøte for bebuarar i nærområde til Stad skipstunnel 17. jan.

I samband med planlegging for bygginga av Stad skipstunnel blir det arrangert informasjonsmøte for bebuarar som bur nært inntil det som vil være anleggsområda.

Dato: 17. januar 
Klokka: 18.00 – 20.00    
Stad: Kjøde skule 

På møtet vil Kystverket orientere om:  

  • Pågåande prosessar og framdrift  

  • Konsekvensreduserande tiltak 

  • Tankar om avbøtande tiltak for bebuarar 

  • Generell informasjon om det som skjer, og som vil skje fram mot byggjestart.  

Kart - infomøte

Representantar frå Stad kommune vil også delta på møtet.  
 
Invitasjonen er sendt ut med bakgrunn i ein oversikt over registrerte heimelshavarar, med bustadadresse i eit avgrensa område for begge endar av tunellopninga (sjå dei skraverte områda i kartet). Det betyr at det kan være bebuarar som vi ikkje når med denne invitasjonen. Dersom du kjenner til nokon som ikkje har fått invitasjonen, og som bør være med på informasjonsmøtet, er vi takksamme dersom du kan informere vidare til dei.    
 
Vi minner om at det til ein kvar tid er oppdatert informasjon om prosjektet, framdrift og om historikk på Kystverkets nettsider, på www.kystverket.no/skipstunnel. Der kan du også melde deg på nyheitsbrevet for Stad skipstunnel. Dette er e-postbasert, men vi vil også sende ut papirversjonar i aktuelle områder ved spesielle høve.  

 
Med vennleg helsing  
Terje Skjeppestad 
Prosjektleiar Stad skipstunnel  

 

NB! På grunn av koronasituasjonen, med dei føringar og tiltaka som gis frå myndigheitene, tar vi atterhald om at informasjonsmøtet kan bli utsett. Ei eventuell utsetting vil bli informert om på Kystverkets prosjektnettsider for Stad skipstunnel (sjå nettadresse lengre oppe) og på Stad kommune sine nettsider, www.stad.kommune.no.  
For spørsmål om informasjonsmøtet, ta kontakt på e-post stad.skipstunnel@kystverket.no, eller kontakt kommunikasjonsansvarlig Pål Are Lilleheim på pal.are.lilleheim@kystverket.no, eller mobil 9216 87 085.