Ingen nye smittetilfelle påvist etter omfattande testing søndag

Søndag vart til saman 106 personar testa på Nordfjordeid i samband med nye smittetilfelle påvist laurdag. Måndag kveld har ein fått svar på 100 av desse prøvene. Prøvesvar frå PCR-testing stadfestar smitte hos dei to personane som fekk positivt svar på hurtigtest laurdag. Det er elles ingen positive prøvesvar.

Ved Nordfjordeid skule vart elevar og tilsette i klasse 1A og 1B sett i karantene laurdag etter påvist covid-19-smitte hos ein lærar på trinnet. Det er ingen positive prøvesvar etter testing søndag. Det er fire prøver som enda ikkje har kome svar på. Elevar og tilsette held fram i karantene som planlagt og vil vert testa på nytt fredag 14. mai.

I Golvsengane barnehage vart born og tilsette i  avdeling 2 sett i karantene laurdag etter påvist covid-19-smitte hos eit barn i avdelinga. Det er ingen positive prøvesvar etter testing søndag. Det er to prøver som enda ikkje har kome svar på. Born og tilsette held fram i karantene som planlagt og vil verte testa på nytt fredag 14. mai.

I Golvsengane barnehage vart born og tilsette i avdeling 4 sett i karantene laurdag fordi det var svært sterk mistanke om at eit barn i avdelinga kunne vere smitta. Hurtigtest av barnet var negativ laurdag, men andre i husstanden til barnet hadde fått påvist smitte, og ved fleire høve har hurtigtestar vist falskt negativt svar på personar med høg smitterisiko. Måndag kveld har det kome svar på meir nøyaktig PCR-test av barnet, og denne har ikkje påvist smitte. Det har også kome negativt svar på PCR-test av alle andre born og tilsette i avdelinga. Situasjonen i avdeling 4 er med dette godt avklart, og vurderinga er at barnet likevel ikkje kan ha vore ei smittekjelde inn mot avdelinga. Born og tilsette i avdeling 4 kan dermed gå ut av karantene allereie no, og det er ikkje behov for gjenteken testing. Born og tilsette i avdeling 4 kan møte i barnehagen som normalt frå tysdag morgon.

Det er framleis svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom. Alle innbyggjarar vert også oppmoda om å ha få nære kontaktar utover eigen husstand og kohortar knytt til arbeid, skule/barnehage og faste grupper i fritidsaktivitetar.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans